
Pressemelding Arc Technologies AS
03.07.2023
Nytt lokalt teknologiselskap på trappene
Eit nytt teknologiselskap ser dagens lys i Førde. Arc Technologies AS startar opp i haust, og blir ein del av Peak Sunnfjord-miljøet.
Den 1. oktober kjem det eit nytt teknologiselskap i Sunnfjord. Arc Technologies AS er starta av Peer Jakob Bridge, Asbjørn Lucassen og Pål Gunnar Smådal.
Selskapet har utspring frå teknologimiljøet i Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei tre har jobba ilag i banken som løysingsarkitektar på digitale kanalar i 7-8 år.
- Vi har over lenger tid tenkt tanken om å skape noko sjølv. Då vi fekk tilbod om å vere med på å bygge opp noko ilag med teknologiselskapet Invite, bestemte vi oss for å ta steget, seier Peer Jakob Bridge og utdjupar: - Det er sjølvsagt litt skummelt å gå frå ei stor og trygg bedrift, og det er vemodig å forlate gode kollegaer i banken. Men når vi såg vi kunne få ein god start for selskapet med eit solid samarbeid med Invite, måtte vi berre prøve, seier han.
Selskapet ønskjer å tilby meir enn utvikling av programvare.
- Vi kjem til å tilby tradisjonelle konsulentoppdrag innanfor programvareutvikling. I tillegg ønskjer vi å vere ein teknologipartner for kunden, som kan hjelpe til med å ta viktige teknologiske strategiske val, fortel Bridge.
Invite Guest Technology AS, ei oppstartsbedrift frå Førde som leverer automasjons- og sjølvbetjeningsløysingar til utleige- og overnattingsbedrifter, blir første oppdragsgjevar. Samarbeidsavtale er allereie signert.
- Vi er svært nøgde med å få teamet til Arc Technologies AS med på laget når vi no skal løfte løysinga vår ut i den skandinaviske marknaden. Dei har kompetansen og erfaringa som vi treng til den vidare utviklinga av produkt og system, seier dagleg leiar og medgründer i Invite Guest Technology AS, Hugo Mølmesdal, som er glade for å få tilgang til denne kompetansen lokalt. - På denne måten får vi endå smidigare og meir effektive utviklingsprosessar, noko som vil gi oss konkurransefortrinn, meiner han.
Sparebanken Sogn og Fjordane diskuterer òg leveransemoglegheiter med selskapet.
- Eg er veldig stolt av at det spring ut nye selskap av teknologimiljøet vårt, og eg ønskjer dei lykke til med satsinga si. At Førde får endå fleire teknologibein å stå på er bra, og det var og ønsket vårt når vi etablerte miljøet vårt, at vi skulle vere pådrivar for å bygge eit teknologimiljø i Sunnfjord. Eg har stor tru på at desse tre kjem til å lukkast, fortel teknologidirektør Reiel Haugland, og utdjupar: - Det er absolutt relevant for oss å kjøpe tenester av dei, og vi går no i dialog for å sjå på moglegheitene for dette, seier Haugland.
For meir informasjon, kontakt:
Peer Jakob Bridge, 472 34 907, peer.bridge@arctechnologies.no